The Road to Athens...

Fleire folk har sagt/klagt te meg før at der e rimeligt møje fotball, å spesielt Liverpool, på denne bloggen. Det e jo igroen sannt det, av den grunn at fotball e ein ting så opptar meg ganske møje. Å for at eg har møje meiningar om det. Nå som tiå nærme seg frykteligt 23. mai, bler det nok endå litt tettare mydlå dei fotball-relaterte innleggå her. For dei av dokke så ikje lige det må eg bare beklaga, men sånn bler det nok.

Legge ut ein link te ein særdeles nydelig filmsnutt på youtube. Ja eg vett at det går an å legga de direkte ud her, men eg har kje gjort det før, å d e snart leggetid så eg gidde ikje stressa.
http://www.youtube.com/watch?v=BgtJwf4dK1A

For dei med et rødt hjerta e denne filmen nødt å ses. An vare i 10 minutt, men d e 10 nydelige minutt... Absolutt verdt tiå! Filmen vise møje om forholdet Liverpool - Chelsea, så om du ikje e LFC-fan kan du kansje nyda litt Chelsea-nederlag:)

1. mai...

Tirsdag 1. mai var ein stor dag, på fleire måter. Og arbeidaranes fridag er så aldeles ikkje ein av dei. Det er heller eit storslagent arbeid utførd av 11 menn som er grunnen, og ein behagelig innsats av 7 andre på eit litt lågare nivå... 

Me starta sesongen til fotballaget vårt med ein 4-0 siger borte mot Malmheim. Kampen foreløp slik som eg føler månge bortekampar har utarta seg. Den fyrste omgangen består av brente sjangsar og ingen mål. Men etter kvilen kjem det gode spelet, og også måla. Sindre banka inn dei to fyrste, eg stupheada inn det tredje og Knut fastsette resultatet til 4-0. Ein særdeles behagelig måte å starte sesongen på, og tabelltoppen er allereide inntatt.

Så snart kveldens dommar bles i fløyta, er det to mann som har meir hast enn dei andre med å dusje og komme seg i bilen. Liverpool-Chelsea venta, og Tori og meg kjørte ut til Sola for å sjå kampen. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje hadde mykje tru på dei raude, etter kva eg såg i den fyrste kampen. Men eg skulle ta ganske feil...

Liverpool leverte ei solid oppvisning, til og med Zenden spelte godt! Og Agger's mål var utan tvil eit av det vakre slaget. Når det så kjem til straffekonkurranse er saka klar. Dette kan Liverpool! Og dette kan Jose Manuel Reina!! Frank Lampard er den einaste av dei blå som klarer å få ballen forbi spanjolen, mens adle dei raude klinkar ballen i nota bak den store Peter Cheh.

76331-75
Raud jubel etter Daniel Agger's scoring

4-1på straffar! 5-2 samanlagt! Dette finns det inga unnskuldning for, Jose Mourinho... Du kan grine så mykje du bare vil, du kan skylde på dommaren så mykje du vil, og du kan fortsetje å plapre om ballen som "ikkje var inne" til du stupar i grava og døyr!! Det hjelper ingenting uansett. Liverpool er i finalen, Chelsea er ute i kulda! Me har nekta dykk ein finaleplass for tredje året på rad. No way, Jose..!

76331-74

mai 2007
ma ti on to fr
  1 2 3
4
5 6
7 8 9 10 11 12
13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31